Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bildeserie før premieren: 10. klasse ved Ostereidet skule er klar for å briljere. – Dette er årets høgdepunkt

14. januar 2020, kl. 20:45

– Vi har hatt ein musikaltradisjon på skulen i mange år. Elevane gler seg veldig og ser på dette som eit stort høgdepunkt. Det seier Erling Rosnes, kontaktlærar for klasse 10a på Ostereidet skule. Saman med kontaktlærar for 10b, Karsten Storsæter, har han sat saman årets førestilling for avgangselevane på den vidaregåande skulen. No er elevane klare for å vise for å briljere med klingande songstemmer og rytmiske dansesteg onsdag kveld. Årets tema er «Saturday Night Fever», prega av fengande diskolåtar, slengbukser og sterke karakterar.