Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bildeserie frå konserten med Lynda Randle på Nordhordland Folkehøgskule

17. august 2018, kl. 23:00

Amerikanske Lynda Randle er på turne i Noreg, og skal halda total åtte konsertar her i landet. Torsdag var ho på Frekhaug for å halda konsert for andre gong på tre år. Ho har opna vegen for gospelmusikken for mange, og skapte ei magisk stemning på Nordhordland Folkehøgskule dei timane ho heldt på. Ho prata mykje med alle i salen, fortalde historier frå eige liv og lét til og med dei som ville av publikum vera med å synga i lag med ho på scena. Overskotet av konserten går til leirplassen Raknestunet på Osterøy; ein kristen leirplass som arrangerer mange leirar i løpet av året både for barn, ungdommar, familiar og eldre.