Sjå bildeserie: Her vert første «spadetak» i Nordhordlandspakken tatt

21. november 2018, kl. 10:41

21. november 2018 vert ein merkedag for Nordhordlandspakken. Dette er dagen då første spadetak, riktignok med gravemaskin, vart tatt. Første prosjekt ut er undergang og trafikksikring på Holme i Meland, eit prosjekt som etter planen skal stå klart til sommaren 2019. Fire ordførarar var på plass under markeringa, og ordførar i Meland, Øyvind H. Oddekalv, tok første spadetaket.