Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bildeserie: Desse var på tur med ordførar Sara Sekkingstad

12. januar 2020, kl. 20:45

Søndag hadde Nordhordland Turlag sin første tur i 2020. Saman med ordføraren i Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad, var 53 personar med på turen som gjekk til husmannsplassen Vikje via gapahuken i Baståsen. Barnas Turlag gjekk i mellomtida til klatreparken, der 57 born fekk utfalde seg. Styreleiaren i Nordhordland Turlag, Børge Brundtland seier at dette har vore ein fantastisk start på turåret for Nordhordland Turlag.