Gå til sidens hovedinnhold

Bildeserie: Massespurt i Nordhordland Rundt

28. mai 2018, kl. 15:57

Carl Eilert Macody Lund frå Ulriken Velocipedklubb hadde millimetrane på si side og vann massespurten i sykkelrittet Nordhordland Rundt. Dei 14 første i mål fekk notert same tid. Kristoffer Nielsen Myrjord frå Nordhordland Sykkelklubb leverte ein imponerande innsats med å ta delt andreplass. Også Arvid Johannessen og Gisle Clementsen var med i tetfeltet som kom inn til same tid, 2.10,11. Rundt 400 deltakarar var med i årets Nordhordland Rundt, omtrent det same som i fjor. Den sterke varmen skapte etter kvart tøffe utfordringar for ein del av deltakarane. Resultat: 1. Carl Eilert Macody Lund, Ulriken Velocipedklubb, 2.10.11 2. Thorold Hestness, Nymark IL 2. Kristoffer Nielsen Myrjord. Nordhordl. SK 4. Arne Hernes, Åsane CK 5. Arvid Johannessen, Nordhordl. SK 6. Christer Nygård Dale, Bergen CK/LRA Safety 6. Nils Lauvås, Åsane CK 8. Christer Meyer, Åsane CK 9. Eirik Knappskog, Deloitte BIL 10. Lorentz E. Linde, Term tri Vest 11. Eirik Spurkeland, Aksøy STK Sykkel 12. Carl Baravelli, Åsane CK 13. Joachim Jordan, Fana IL 14. Gisle Clementsen, Nordh. SK