Stor bildeserie: Actiondag på brannstasjonen

28. mai 2019, kl. 20:45

Kvart år er førebyggande avdeling i brannvesenet ute på skulane for å læra den oppveksande slekt om kva dei skal passa på for å unngå brann, og kva ein skal gjera om uhellet er ute. Mot slutten av skuleåret har det vore ein tradisjon sidan 1994 for at nokre klassar vert trekte ut til å få seg ein tur til hovudbrannstasjonen i Bergen på omvisning. I år kunne ikkje brannvesenet i Bergen ta seg tid til dette meir, men det stoppa ikkje det lokale brannvesenet frå å gi elevane ein actionfylt dag på den lokale brannstasjonen på Alverflaten. Saman med ambulansetenesta og hundepatruljen vart det ein innhaldsrik dag for dei 55 barneskuleelevane frå Knarvik, Leknes og Byrknes.