Austrheim feira song- og musikklivet

30. oktober 2018, kl. 11:38

Søndag feira Austrheim seg sjølv med ein festkonserten i Austrheimhallen, der mange av dei flotte song- og musikkreftene slo ut i full blomst. Anne Hvidsten, kulturskulebandet som kallar seg «Best i test», Joakim Lerøy Kjenes med artistnamnet «Mygla», og Kamilla Brattebø stod og på scena. Det same gjorde skulekorpsa i kommunen og nabokommunen som spelte ein sentral rolle på konserten, mellom anna med urframføring av eit skreddarsydd bestillingsverk i samband med musikkorpsa sitt år, «Austrheim», skrive av komponisten Frode Rydland.