Stor bildeserie: Imponerte med eigenprodusert musikal mot mobbing

28. november 2018, kl. 20:48

6. og 7.-klasse på Myking skule har jobba heilt sidan skulestart i haust med eigenprodusert musikal. Stykket handlar om mobbing, samstundes som foreldrerolla også får ein liten peikefinger på haldningane kring temaet. Både idéen og utarbeidinga av musikalen er det ein av skulens eigne pedagogar, Bjørghild Ones, som har stått for. Onsdag kveld var det premiere i gymsalen, her ser du vår bildeserie frå framsyninga.