Historisk sus på Manger-kaien

10. september 2018, kl. 14:48

Det var historisk sus då gamledampen la til Manger-kaien laurdag – og det var liv og røre som i gamle dagar. Snutebilen kjørde i skytteltrafikk mellom Manger sentrum og kaien. Og der det tidlegare vart produsert fiskekaker til den store gullmedaljen, var det utstilling av bilder og maleri av dei gamle fjordabåtane og ferdsle på sjø og land på den tid. Petter H. Fosse fortalde om samferdsla i Radøy og i Nordhordland i gamle dagar, og folk kunne også gleda seg over dei svært så flotte modellutgåvene av rutebåtane som trafikerte fjordane våre før i tida. Radøy sogelag stod bak det flotte arrangementet, som også omfatta fiskekonkurranse på kaien. Det var også råd å få seg god fiskesuppe, vaflar og kaffi om bord i «Oster», og mannskapet tok også folk med på omvising om bord.