Minitour på Lindås for sykkelglade born

01. juni 2017, kl. 09:16

Laurdag var det duka for minitour på sykkel for born til og med barneskulealder (0-12 år). Arrangementet, som i år vert det 5. i rekka, er arrangert av sykkelgruppa i Lindås IL. Det har vorte ei flott tradisjon for Lindås Senter å halde minitouren, og deltakarar i alle aldre stod i kø for å motta sine premier etter eit vel utført ritt.