Bildeserie: Lindås feira tett bygg på nye Knarvik barneskule

30. august 2018, kl. 16:05

Lindås kommune feirar tett bygg på nye Knarvik barneskule med kranselag for alle arbeidarar, entreprenørar og inviterte gjestar. Rundt 100 gjestar deltok på kranselaget, og 2. trinnet og elevar frå klasse 6b på Knarvik barneskule serverte songinnslag. Arbeidet med den nye skulen går etter planen, og er godt i gang både inne og ute. Skulen skal stå ferdig i april 2019.