Gå til sidens hovedinnhold

Super kultur- og idrettsgalla

30. april 2018, kl. 20:59

Dei sistekulturdagane i Radøy kommune vart avslutta med ein super kultur- og idrettsgalla i Radøyhallen. Her stod lokale stjerner fram på rekkje og rad, og fleire prisar vart delt ut. Dei mange frammøtte fekk oppleva fantastisk opera av Lydia Hoen Tjore, og er trass sin unge alder ein ettertrakta solist. Ulrik Kierulf Haugland er ein Radøy-rappar som er på full fart framover, og Sofie Marøy og Marte Vågenes Solheim hadde også flotte vokale innslag. Eit felleskorps samansett av dei eldste musikantane i dei tre skulekorpsa på Radøy, var dagens husorkester saman med eit band. Det vart ei flott markering av det er Musikkorpsa sitt år i 2018. Det vart delt ut fleire prisar; Olav Steinar Namtvedt fekk kulturprisen, Martin Soltveit idrettsprisen og Preben Thomassen stipend frå Cato Plettens minnefond. To ungdomar, Anita Lunde og Steffen Vestheim Sævdal gjorde ein flott figur som konferansier på gallaen, som var eit samarbeidsprosjekt mellom Radføy kommune, Radøy musikkråd og Radøy idrettsråd.