Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bildeserie: Flyshow og Kystsogemoro på Holmeknappen

27. august 2018, kl. 12:00

Både dei mange på land på Holmeknappen og mange hundre om bord i hurtigruta fekk ei spektakulær oppleving med Håkon Fosso bak spakane i eit forrykande flyshow i Meland i helga. Flyshowet var så avgjort det store trekkplasteret under årets kystsogehelg på Holmeknappen. Håkon Fosso gjennomførte dei utrulegaste akrobatiske øvingar om bord i «dobbeldekkaren». Det gjekk mange gisp gjennom dei mange som såg kva som føregjekk i lufta, og det kunne opplevast at flyet stupte mot sjøen. Men Fosso, som er norgesmeister i presisjonsflyging seks gonger, hadde sjølvsagt full kontroll.