Bildeserie: Slik var Medaaspriskonserten

29. oktober 2018, kl. 22:54

Lars Lillo-Stenberg vert tildelt Medaasprisen 2018. Måndag kveld var det Medaaspriskonsert på Den Nationale Scene i Bergen. Artistar på rekke og rad hylla årets prisvinnar, under trygg leiing av konferansier Dag Lindebjerg. Prisvinnaren sjølv synest det var kjekt å vera tilbake på scena på DNS. – Eg var her for 45 år sidan, då hadde eg ei rolle i Hakkebakkeskogen som ekornguten Tom, fortel han. – Då eg var liten vart eg alltid glad når Ivar Medaas dukka opp på TV-en, alle vart jo det. Den låta eg var mest oppteken av var Blåmann, blåmann, den hadde eg på singel.