Stor bildeserie: Magisk julestemning med Maria Arredondo i Knarvik kyrkje

02. desember 2018, kl. 21:51

Nær 500 menneske fann turen til Knarvik kyrkje denne første søndagen i advent for å oppleva «Vår jul» med Maria Arredondo og Torstein Sødal. Med seg på scena hadde dei lokale korkrefter med Knarvik Gospel og barnekora Knarvik barnegospel, Singsingeling og Singout. Dette er ein av i alt 30 konsertar artistparet skal ha fram til jul, den siste konserten er 22. desember. I fjor vart det ikkje nokon juleturné for paret sidan Maria venta barn, og fødde ein gut på julaftan!