Sjå bildeserie frå mannskoret sin herlege seglas

09. april 2019, kl. 13:00

Mannskoret kastar loss og tar tilhøyrarane med storm på sin herlege seglas på dei sju hav. Du møter karane i eit naust på Strilalandet, og her ser dei tilbake og mimrar om livet til sjøs - på godt og vondt. Servert med innleving og glimt i auga, Alle tekstane på Hjelmås mannskor sin jubileumskonsert er på norsk, ein god del av dei også sjølvskrivne, som også tekstane mellom songane er. Her fekk dei svært mange frammøtte i Storstova på Leiknes servert jazzperler på strilamål - i Reidar Konglevoll sin penn, og her fekk fleire av Johannes Kleppevik sine viser om sjølivet sin naturlege plass. Karane slo også ut håret med gode, gamle Shanty-songar frå sjølivet i gamle dagar. Helge Riise, som er dirigent for koret og spelar tangentar i bandet, har arrangert alle songane for mannskoret. Kona hans, Marianne Riise, gjorde også ein flott figur både som medspelar og solist. - Ein herleg og kjempeflott gjeng, seier ho etter konserten. Då er det berre å kasta loss, og sjå bildeserien frå den supre seglasen.