Gå til sidens hovedinnhold

Tankevekkande og humoristisk i «Evig ung»

23. februar 2017, kl. 20:17

Dei 150 billettane vart fort utseld då Sogn og Fjordane teater vitja Nordhordlandshallen med framsyninga «Evig ung». Stykket er sett 40 år fram i tid og teaterer fungerer som gamleheim for avdanka skodespelarar i rolla som seg sjølv. Ein tilsynelatande trist kvardag prega av hersing frå personalet og meinigslause aktiviseringstiltak, men straks søster Oda snur ryggen til vert det liv i gamle skrottar.