Gå til sidens hovedinnhold

– Det er aldri for seint å byrja med litt mosjon

27. august 2018, kl. 21:00

Den nye pensjonistsatsinga frå Knarvikmila fylte Knarvik kyrkje måndag føremiddag, der heile 600 pensjonistar fekk høyra ulike føredrag med det overordna temaet Ein «friskare» kvardag og verdigheit for eldre. Mellom anna fekk forsamlinga med seg gode tips til enkel trim i kvardagen frå Helge Brekke. Sjølv om Knarvikmil-generalen har overlete styringa av Knarvikmilskuta til sin arvtakar Eddie Ebbesvik, har ikkje hans engasjement for folkehelse og viktigheiten av å halda seg i god form avtatt det grann, kanskje snarare tvert i mot. Framtidas eldreomsorg med utvida bruk av omsorgsteknologi stod også på agendaen.