Gå til sidens hovedinnhold

Aktivitetsveke på Knarvik ungdomsskule

21. februar 2019, kl. 16:29

I fire dagar har det vore full fart på Knarvik ungdomsskule. Nokre siste førebuingar står igjen før dei i kveld skal vise kva dei har jobba med. All undervisninga blir erstatta av ulike utstillingar kor elevane produserer alt frå mat til olabilar. Skulen tilbyr ti ulike utstillingar elevane kan velja mellom. Det heile munnar ut i ein open dag kor folk kan sjå kva dei har produsert.