Hallovenn-fest for mange hundre i kyrkja

03. november 2018, kl. 16:00

Kyrkjesalen i Knarvik var gjort om til ein fargerik vennefest for liten og stor. I staden for halloween inviterte kyrkja og kristne forsamlingar i området til ein dedigen hallevenn-feiring. Nærare 800 små og store deltok på festen – svært mange av dei med flotte kostymer. Her var klovn og tryllekunstnar, og bamseklemmar i stor stil – ikkje minst frå ordførar Astrid, som opna hallovenn-festen. Fleire hundre barn song med av full hals og stor glede saman med Bjarte Leithaug – og kyrkjetaket letta nesten då han og dei mange unge «koristane» drog til med «Skal vi være venner». Dei slo også ut håret i «Bli med»-dansen».