Gå til sidens hovedinnhold

Bildeserie frå 50 årsjubileum for Hordabø Skulemusikklag

07. april 2019, kl. 08:00

Laurdag vart 50 årsjubileet for Hordabø skulemusikklag markert med show og fest i Hordabøhallen. Det var mange som møtte opp for å sjå på konserten og hallen var nesten full. Showet hadde ABBA retro som tema. Songar som Thank you for the music, Honey Honey, Mamma Mia og fleire av ABBA vart spelt. Skulekorpset hadde med seg både band og ei rekkje vokalistar i framføringa, slik det er blitt tradisjon for, og med Stein Paulsen showmakar og dirigent.