Gå til sidens hovedinnhold

G.F.Händel: Messias i Knarvik kyrkje

20. desember 2015, kl. 23:44

Alversund kammerkor og orkester med solistar frå England, lagde sundag kveld fest i Knarvik kyrkje for over 500 betalande tilskodarar. Händels Messias er det mest kjende oratoriet til den tyskengelske komponisten Georg Friedrich Händel. Händel komponerte oratoriet i tida frå 22. august til 14. september 1741, og det vart urframført i Dublin 13. april 1742. Det tekstlege grunnlaget for oratoriet er spreidde bibelord samanstilte av presten Charles Jennens. Tekstane gjev eit bilete av Jesus Kristus og hans frelsargjerning. Verket har tre delar. Den første delen inneheld profetiar om Messias, flest frå profeten Jesaia, nokre frå juleevangeliet. Oratoriet opnar med ein ouverture som kan gje assosiasjonar til nøden og uroa i ei verd som ventar på Messias, og sidan vekslar det mellom ein glad adventstemning og ein alvorleg manande tone. Den andre delen tar opp Jesu lidingshistorie gjennom tekstar frå Det gamle testamentet og brevtekstar frå Det nye testamentet. I den tredje delen er trua på ein oppstanden og levande frelsar gjennomgangstemaet. Det skriv Wikipedia.