Gå til sidens hovedinnhold

Sjå vår flotte bildeserie frå Kvernbit cup 2018!

26. august 2018, kl. 15:37

Hundrevis av fotballspelarar har brukt helga si på leik og moro på Frekhaug, då Kvernbit cup vart arrangert for 17. gong i helga. 146 lag spelte kampar frå fredag til søndag. Normalt sett har Kvernbit to banar å arrangera kampar på, men grunna den komande fotballhallutbygginga var det berre ein bane tilgjengeleg i år. Likevel fekk ein altså plass til 146 lag. Ein periode vart det vurdert å spela kampar også i Leirdalen, men den ideen vart droppa. Håpet er å ha to banar til neste år og over 200 lag. Har kan du sjå nokre glimt av kva som gjekk føre seg på banen.