Sjå bilda frå kaidag i Eivindvik

23. juni 2019, kl. 05:30

Ytre Sogn Kystlag arrangerte laurdag 15. juni kaidag i Eivindvik. Dei holdt til på Sandalskaia, og mange tok turen innom. På kaia var det mykje folk, og mykje å sjå og gjere. Det var blant anna natursti som gjekk gjennom Eivindvik, der det var spørsmål om alt frå Kaptein Sabeltann og Elias-båten, til båtførerprøven og lokale oppfinnarar. Eit badekar var plassert midt på kaia, og innhold tang og tare, fisk, krabbar og maneter. Dette var til stor glede for borna, som synest dette var kjempekjekt. Ellers var det også mange salsbodar å finne, og for borna var det mulig å få snekra seg trebåter.