Gå til sidens hovedinnhold

Ekslusiv samling av god, gamal årgang

11. juni 2018, kl. 14:39

Ein meir mangesidig bilpark har du sjeldan sett. Nordhordlandshallen var i helga fullspekka av glinsande kjøretøy – dei aller fleste av eldre årgang, som stod fram i sin finaste stas. Bilar i alle fasongar, smekre og elegante, nokon med mange hestekrefter under panseret, andre med mindre motorkraft. Med andre ord noko for ein kvar smak. Godbitane stod på rekke og rad, og om lommeboka tillet det var det også mogleg å sikra seg ein Ferrari til 1,4 mill. kroner. Det var Amcar-klubben i Nordhordland som stod bak det store biltreffet. – Me ønskte å visa fram bil og motor på brei front, og det har me lukkast med. Det var stor interesse for å vera med på biltreffet, seier leiar Ove Myking. Også motorsyklane var representert.​