Bildeserie: Mykje å sjå for store og små på landbruksdagen

06. oktober 2018, kl. 17:36

Laurdag vart den 11. landbruksdagen i Austrheim arrangert. I det fine vêret kunne ein oppleva både små og store dyr. Her fann ein alt frå storfe til små kaninar ein kunne klappa, og kåringssjå for verlam frå Austrheim og Radøy. Ulike utstillingar var å finna både utanfor og inne i Austrheimhallen, og det vanka rikeleg av smakebitar på kortreiste delikatessar.