Bildeserie: Desse ville vita meir om planane for Alversund

04. oktober 2018, kl. 20:33

Alversund-bygda gjekk ikkje akkurat mann av huse for å stilla opp på informasjons- og medverknadsmøte for kommunedelplanen for Knarvik-Alversund med Alverstraumen torsdag kveld, men 14 deltakarar fann vegen til gymsalen på Alversund skule. Kommunen informerte om planane for Alversund som ligg i kommunedelplanen, og store delar av møtet var dedikert til spørsmål og innspel frå publikum.