Kvar gong han går ned til bilen for å ta seg ein tur, sørgar han for å godsnakka med ho.
– Står du her og ventar på meg? Du er så grei att, seier eg til ho. Så stryk eg ho over ryggen, seier den aktive 100-åringen til avisa Nordhordland.
LES OGSÅ: undefined
– Nett som å kjøpa sykkel
Førarkortet tok han i New York i 1941. Då kjøpte han og sin fyrste bil. Ein modell A Ford. Den gav han 25 dollar for. Seinare selde han den for 10 dollar.
– Å kjøpa bil der borte er nett det same som å kjøpa sykkel det, seier han.
Pettersen budde i USA frå 1940 til 1956. Medan han var der, kjempa han for USA i 99th battalion under andre verdskrig.
Då han kom tilbake til Noreg, byrja han fyrst med å køyra godsruta til Fedje, før han etter kvart vart bussjåfør gjennom 25 i Nordhordland.
No er det mange år sidan han vart pensjonist. Men framleis er han ute og køyrer. 3. mars fornya han førarkortet for eit nytt år, fram til han er 101 år.
– Tek dei førarkortet frå meg, sit eg på glattcelle. Då kjem eg meg ingen plass, seier han.
Men han reknar med at dette var siste gong han fornya førarkortet.
På eit punkt merkar han alderen.
– Eg er byrja å verta kvidefull. Så eg set meg ikkje berre i bilen og køyrer, men eg må planlegga turen så eg har fleire ærend, seier han.
LES OGSÅ: undefined
Stryk ho over ryggen
Det er nokre år sidan han var til Bergen med bil. Men til son sin i Åsane køyrer han. Mellom anna for å vera hundepassar.
Bilen han har no er ein Toyota Corolla som han har hatt i 22 år.
– Kor langt har du køyrd bilen?
– Det skjemst eg over å seia til eit mannfolk, seier han og ler.
72.000 kilometer er alt bilen hans har køyrd. Det sjølv om han har hatt bilen både i Kirkenes og på Island.
Oljeskift har han og tatt sjølv. Fram til i det siste.
Kvar gong han skal ut og køyra, godsnakkar han med bilen.
– Eg stryk henne på ryggen og seier «Står du her og ventar på meg du?» «Du er så grei du», seier han og ler.
– Kvifor gjer du dette?
– Eg tenker ho som så at ho berre står der. Og når eg kjem, så står ho klar til å ta meg kvar eg vil. Og det gjer ho, sluttar han.