– Eg er veldig godt nøgd. Den ser betre ut enn forventa, seier Benjamin Halsøy frå Lindås.

Han har saman med 20 andre ingeniørstudentar frå NTNU og Høgskulen i Sør-Trøndelag bygd bilen DNV GL Fuel Fighter, som etter planen skal gå på hydrogen.

Ambisjonen til studentane er å laga verdas mest drivstoffeffektive bil som vil kunne tilbakelegga avstanden Oslo–Trondheim, eller Austrheim–Knarvik 12 ½ gong, på energien som svarar til ein liter bensin.

Bilen skal seinare i år delta i den internasjonale studentkonkurransen Shell Eco-Marathon. I tillegg til hydrogenbilen stiller laget også i klassen for batteribilar, slik dei har gjort ved tidlegare anledningar. Halsøy trur bilen har gode moglegheiter til å vinne pris under konkurransen.

– Vi har satsa ekstra på designprisen. Vi har prøvd å lage ein bil som skil seg ut og der designen er med å gjere bilen aerodynamisk og mindre energikrevjande, fortel lindåsingen.

I arbeidet har gruppa prøvd å spare mest mogleg vekt, minimera luftmotstand og maksimera effekten på bilen.

LES OGSÅ: undefined

Byrja i haust

–Vi var 4–5 personar som byrja på bilen i haust med forskjellige ansvarsområde. Eg jobba med design, mens andre jobba med ting som aerodynamikk og hjuloppheng. Etter kvart vart vi fleire og under sjølve bygginga delte vi oss inn i ein gjeng som jobba med det mekaniske og ein gjeng med det elektriske på bilen, fortel Halsøy.

Det har vore lange dagar og lange netter under arbeidet, seier Halsøy. Studentane har til no brukt over 10 000 timar på byggeprosjektet.

Framtidsbil

Bilen som vart lansert onsdag går på hydrogen ved hjelp av brenselcelle. Ein metode det har vore forska mykje på i jakta på meir miljøvennlege bilar enn dei som går på diesel og bensin.

– Motoren fungerer ved at hydrogengass og oksygengass reagerer med kvarandre og skapar energi. Det einaste biproduktet av prosessen er reint vatn, seier Halsøy som samtidig fortel at hydrogenbilar enda ikkje er klar til å bli eit vanleg syn på vegane.

– Det er svært energikrevjande å framstille hydrogengass. Det står att ein del teknologi før hydrogenbilar vert eit reelt alternativ til diesel-, bensin- og elbilar.

LES OGSÅ: undefined

Stolt sponsor

– Når eg ser innovasjonskrafta og entusiasmen som finst blant desse studentane, vert eg sterk i trua på at vi skal lykkast med å finna gode løysingar for dei store klima- og miljøutfordringane som står føre oss, seier Bjørn K. Haugland, konserndirektør for berekraft i DNV GL, i ein pressemelding.

DNV GL er hovudsponsor av prosjektet og har i tillegg til pengar bidrege med fagekspertise og kurs for studentane.