Bil stod på tvers i Hordviktunnelen

Det melder Vegtrafikksentralen vest.

DEL

Måndag klokka 13.30 var Hordviktunnelen på E39 stengd grunna eit trafikkuhell.

Naudetatane rykte ut til staden, opplyser Vegtrafikksentralen.

Vest politidistrikt opplyste at ein bil stod på tvers i Hordviktunnelen.

– Det er uklart kva som har skjedd, men det er ikkje meldt om noko ulykke til naudetatane, skriv dei.

Klokka 13.55 melde politiet at det var en bil med problem i tunnelen, og at det ikkje hadde vore eit uhell slik det først blei meldt.

Bilbergar var då på veg, og tunnelen vart opna med manuell dirigering.

Klokka 14.19 melde politiet på twitter at bilen som stod på tvers i tunnelen var fjerna og at trafikken kunne gå som normalt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken