Gå til sidens hovedinnhold

Bil og person involvert i trafikkulykke - ung sjåfør mistenkt for ruskøyring

Naudetatane rykte ut til ei ulykke i Austrheim i natt.

Klokka 0234 natt til måndag vart det meld om ei trafikkulykke på Austrheimsvegen med ein bil og ein person involvert.

Det melder Vest politidistrikt.

Førar var åleine og vaken då ambulanse kom på staden. Han vart deretter frakta til Haukeland sjukehus.

Førar av bilen skal vere ein mann i slutten av 20-åra, og er mistenkt for å ha køyrd i påverka tilstand.

- Politiet har sikra blodprøve og beslaglagd førarkort.

Les også

Bil køyrde utfor vegen på Alverflaten - politiet fann mistenkt sjåfør etter leiting med hund

Les også

Bil stakk av etter påkøyrsel ved Ikea

Kommentarer til denne saken