Klokka 05:22 fekk ordensmakta melding om eit trafikkuhell i Isdalstø. Ein bil hadde køyrd inn i ein lyktestolpe.
– Førar uskadd, men verkar rusa. Mistenkte, ein mann i 20-åra, blir tatt med til legevakt for blodprøve, melder politiet.
Sjåføren som krasja i Isdalstø, er ikkje den einaste som politiet mistenker for å ha køyrd i rusa tilstand søndag morgon.
Rett etter klokka 01:00 melde politiet at dei hadde stoppa ein bil på Nordhordlandsbrua, på grunn av mistanke om promille.
Politiet tok føraren med til legevakt for å ta blodprøve, og personen blei meldt.