Bil køyrde i elv - to alvorleg skadde

DEL

(Firda): Klokka 07.07 søndag melde politiet om ei trafikkulykke på Dalsøyra i Gulen. Ein personbil køyrde av fylkesveg 57 og hamna i elva. Tre menn var i bilen.

To av desse er frakta til sjukehus med luftambulanse. Dei to har moglege ryggskader. Ein av dei har mogleg hovudskade.

– Dei er å betrakte som alvorleg skadde utifrå opplysingane vi har fåptt frå helsevesenet, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Den tredje personen er frakta til sjukehus med ambulansebil. Han er bevisst, men operasjonsleiaren seier skadeomfanget er ukjent.

– Alle tre er menn. Det er for tidleg å seie noko om alder, seier Hausvik.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken