Bil køyrde av vegen på Myking – førar til legevakt

Like etter halv eitt i natt meldte vest politidistrikt om ein bil som skal ha køyrd av vegen på Myking, i Alver kommune.

DEL

Det skal vere snakk om ein singelulykke der føraren, ein 19 år gamal mann, skal ha vore aleine i bilen.

– Smerter i arm og hofte.

Det blir opplyst at ulykka skal ha skjedd i ein sving, og bilen skal vere fjerna frå staden. Årsaka til ulykka er foreløpig ukjend.

– Ingen mistanke til påverknad.

Føraren blir køyrt til lokal legevakt, og politiet skriv at dei vil opprette sak.

Artikkeltags