Kring 15.40 fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt av vegen på Lavik. Det skulle ikkje vere nokon som sat fast i bilen, men det vart meldt om at den var i ferd med å ta fyr.

Like før klokka fire melder politiet på Twitter at bilen no står i full fyr på utsida av vegen. Ambulansen var då framme på staden, og det var ikkje snakk om nokon alvorlege personskadar for dei involverte.

Bilen skal ha køyrt av vegen på ein rett strekning, og fått eit kast etter å ha treft grøfta. Bilen traff så ein straumstolpe og landa på sida, før den tok fyr.

Føraren vart hjelpt ut av bilen av forbipasserande, og er no sendt til Førde sjukehus for behandlig, skriv politiet.

Klokka 17.20 melder politiet at det no er fri ferdsel på vegen.