Gå til sidens hovedinnhold

Bil i fjellveggen ved Kjevikdalen – Kvinne i 70-åra til sjukehus

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein bil skal ha sklidd inn i fjellveggen ved Kjevikdalen, på fylkesveg 57.

Bilen skal ha køyrt mot sør.

Det bli opplyst om ein kvinne i 70-åra og ein hund i bilen, og airbagar skal vere løyst ut.

Bilen står heilt utanfor vegen, og trafikk kan passere på staden.

– Bilførar ordnar sjølv med bergingsbil.

Det skal ikkje vere behov for brann og helse på staden.

Like etter klokka 18 melder politiet at bilførar er tatt med til Haukeland sjukehus for sjekk.

Kommentarer til denne saken