(BA): To personar er sendt til sjukehus etter ei trafikkulykke i Eidsvågtunnelen onsdag ettermiddag.

Klokka 1657 fekk politiet melding om at ein bil hadde krasjet i tunnelveggen i retning sentrum.

– Det var to personar i bilen. Ingen av dem er fastklemte, og begge skal vere ved bevisstheit, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Dei to personane blei fraka til Haukeland sjukehus.

– Det er store materielle skadar på bilen, opplyser Magnussen.

Tunnelen er stengt, og det fører til mykje kø. Både på omkjøringsvegen rundt Eidsvågneset og på motorvegen frå Åsane, er det tett trafikk ved 17-tida.

BA har fått fleire bilde som viser at køen står heilt til Åsane senter.

Bilberger er på plass i Eidsvågtunnelen for å rydde opp.