Ein bil med to personar har køyrt i eit autovern på Lindåsvegen ved avkøyringa til Åse.

Politiet skal ha fått melding om hendinga klokka 13:35 måndag.

Ingen av personane skal vere skadde.

Hendinga fører til kø, melder Vest politidistrikt klokka 13:48. Det skal vere glatt på staden.

Klokka 14:18 er det fri ferdsel på vegen.

Avisa sin journalist på staden fortel at trafikkuhellet skal ha skjedd ved avkøyringa til Åse, og ikkje i Isdalstø slik det først vart meldt om.

Bilen som køyrde i autovernet er fjerna, og det er ikkje lenger kø på staden.