Gå til sidens hovedinnhold

Bil har køyrt av vegen

Ein bil har køyrt av vegen ved Best bensinstasjon på Eikangervåg, melder 110 Vest på Twitter klokka 22.32.

Bilen skal ligge på sida, og det skal vere lekkasje frå bilen.

Førar skal sjølv ha kome seg ut av bilen og vert sett til av helse. Kring 23.00 melder 110 Vest at naudetatane er framme og har kontroll på staden. Bilen er sikra og gjort straumlaus.

Kommentarer til denne saken