Bil gjekk rundt og hamna på taket

Fredag kveld melder politiet om ei trafikkulykke i Modalen.

DEL

Klokka 20:33 var politiet og ambulanse på veg til staden etter melding om ei trafikkulykke.

– Ein bil skal ha gått rundt og hamna på taket, melder Vest politidistrikt.

Dei opplyser om store skadar på bilen.

Føraren skal ha vore åleine i bilen, og står fram som uskadd.

– Hendinga skjedde ei stund før naudetatane vart varsla, skriv politiet.

Artikkeltags