Bibliotektenesta lever vidare, men ikkje på kjøl

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Redaktøren i Nordhordland rettar skarp kritikk mot Senterpartiet og fylkesordførar Jon Askeland etter at Sp saman med fleirtalet gjekk inn for å avvikla bokbåtdrifta.

Det var tøft å ta dette valet, fylkestinggruppa har hatt tunge drøftingar i saka om Bokbåten. Men Senterpartiet er ansvarlege, og må ta naudsynte grep i ein utfordrande situasjon. Me må ta avgjersler som smertar, dette er oppdraget me har fått.

Leiaren kallar argumenta våre for «bortforklaringar om Korona og vanskeleg økonomi.» Om han vel å kalla 700 millionar kroner i underskot «bortforklaring», er me nok usamde i definisjonen. Faktum er dette: Fylkeskommunen styrer mot eit underskot på over 700 millionar. Vestland må redusera drifta med 100 millionar årleg. Medan bokbåtdrifta kostar i dag 10 % av bibliotekbudsjettet, vil ny kontrakt kosta 20 % av dette budsjettet. Å binda opp ein så stor del av budsjettet vil gå ut over biblioteksatsinga i distrikta.

Senterpartiet bryt med eiga plattform, skriv redaktør Nydal. Dersom redaktøren hadde lese plattforma enno litt betre hadde han funne at «me skal jobba for å styrka folkebiblioteka og sikre eit desentralisert bibliotektilbod». Hadde me vidareført drifta av bokbåten, ville me brote med dette punktet, og dermed råka storparten av innbyggjarane våre som i dag nyttar dei mange gode distriktstilboda. Me vel difor å satse på den delen av bibliotektenesta som når flest i distrikta.

Vidare heiter det i leiaren at «eit tydelegare distriktstilbod enn bokbåten er vanskeleg å finne». Då vil me minna han om desse: Den kulturelle skulesekken som gir born og ungdom i heile Vestland profesjonelle kunst- og kulturopplevingar kvart år, dei mange distriktsbiblioteka i Vestland som fylkeskommunen støttar, Transportordninga som sørger for at bibliotekbrukarar i heile fylket kan få tilgang på litteratur frå høgskule- og universitetsbibliotek. Desse svært tydelege og viktige distriktstilboda måtte teke støyten om me hadde valt å vidareføra drifta av Bokbåten.

Dei fleste bibliotekbrukarane bur ikkje langs Bokbåten si seglingsrute i Hordaland. Møre og Romsdal avslutta tilbodet i fjor, Sogn og Fjordane gjorde det same i 2015. Med vidareføring i Vestland vil det då bety utviding av tilbodet, og dermed auka kostnad. Samstundes har me fått tilbakemeldingar frå Sogn og Fjordane om at bibliotektenesta blei betydeleg betre etter at bokbåten blei erstatta med ei tyngre biblioteksatsing.

Dersom fylkeskommunen skulle ha vidareført drifta av bokbåten, måtte det forhandlast ei ny avtale med mellom anna nye krav til klimautslepp. Dagens bokbåt ville uansett ikkje vere ei langsiktig framtidig løysing.

Det er ikkje heller eit fylkeskommunalt ansvar å drifta bibliotek, men ei kommunal oppgåve. Difor er det unaturleg at fylket skal ta ansvar for å løysa denne oppgåva for nokre. Kommunane kan sjølve gå saman om å drifta bokbåten.

Me i Senterpartiet vil styrka og synleggjera folkebiblioteket som ressurs i lokalsamfunnet. Å legg til rette for gode kulturmøte på lokale arenaer i samarbeid med kommunar og lokale bibliotek, må vere det viktigaste. Me vil jobba for ei sterkare og meir samordna satsing på digital infrastruktur og digital formidling. Me tek ansvar som det fremste distriktspartiet og styrkjer transportstøtteordningar slik at me når flest i heile Vestland.

Biblioteka skal leva og styrkast, men det vil ikkje bli «på kjøl». Det er innhaldet i tenesta som er viktig, ikkje transportforma. Me har no sett kursen mot eit betre bibliotektilbod for distrikta, i heile Vestland. Det bør gleda alle skuleborn som no skal få nyta godt av ei sterkare satsing som skal fremja leselyst. Det bør og vera det viktigaste for oss vaksne som er glade og takksame for den institusjonen Bokbåten har vore.

Fylkestingsgruppa i Vestland Sp: Jon Askeland, Aleksander Øren Heen, Jenny Følling, Sigrid Brattabø Handegard, Hilde Horpen, Alexander Fosse Andersen, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, Sigurd Reksnes, Lars Fjeldstad, Gunn Åmdal Mongstad.

Artikkeltags