Slik kan du låne 9000 e-bøker rett til telefonen din, heilt gratis!

Hordaland fylkeskommune er med i den nasjonale satsinga på å prøve å modernisere bibliotekskulturen i landet.

Hordaland fylkeskommune er med i den nasjonale satsinga på å prøve å modernisere bibliotekskulturen i landet. Foto:

Nordhordlandsbiblioteka er inkludert i fylkeskommunen si storsatsing, der tusenvis av bøker vil bli lagt ut til lån via ein app.

DEL

Tilbodet om å kunne låna og lesa e-bøker vart først oppretta i 2013, men nytt for 2018 er at sortimentet er drastisk utvida, med ei prosentvis auke på heile 350 prosent sidan oppstarten.

– Utvalet er auka med over 7000 bøker, som vi håpar skal føre til ei modernisering av bibliotekskulturen, og at fleire vil ha moglegheita til å oppleve lesegleda, seier spesialrådgjevar i Hordaland fylkeskommune, Kari Skibenes.

Skal vere eit tilbod for alle

Det einaste du no må gjere for å få tilgang til lånedatabasen er å laste ned appen eBokBib frå anten Google Play eller App Store, i tillegg til at du må ha eit lånekort ved eit folkebibliotek eller frå vgs.-bibliotek. Alle nordhordlandsbiblioteka er del i dette prosjektet.

– På denne måten håpar vi på å nå ut til endå fleire som anten ikkje har råd eller lyst til å bruke pengar på å kjøpe dei nyaste bøkene, og som ikkje har for vane å gå innom biblioteka. Dette er likevel eit tilbod for alle andre også, utan at vi skal setje grensene, seier Skibenes.

Større enn nokon gong

Då prosjektet først vart lansert i 2013 hadde databasen om lag 2000 bøker ein kunne låna, i tillegg til eit fåtal av lydbøker. No har e-bok-databasen vekse drastisk, medan den same kurva er langt ifrå like bratt når det gjeld lydbøker.

– Vi ønsker oss ein stor database der vi kan låne ut mange fleire lydbøker enn vi gjer i dag, men her forhandlar vi konstant med forlaga som ofte ikkje ønsker å selje oss rettane, fortel Skibenes.

Ho seier at fylkeskommunen håpar på å også utvide sortimentet innan lydbøker for å nå ut til endå fleire menneske snarast, men at ein då moglegvis kan kome i konflikt med betalingstenestene for lydbøker som dei siste åra har merka stor vekst i Noreg, slik som Storytel og Fabel.

I perioden mellom 2013 og 2016 har strøyminga av for det meste lydbøker, men også e-bøker, hatt ei enorm auke ifølge tal frå Den norske Forleggerforening. I 2013 vart 7,7 millionar bøker strøyma, medan i 2016 var talet 48,9 millionar.

Kurva viser omsettinga for lydbøker frå 2011 til 2017. I 2017 vart det seld for heile 100 millionar kroner, som viser ei tydeleg interesse for bokforma.

Kurva viser omsettinga for lydbøker frå 2011 til 2017. I 2017 vart det seld for heile 100 millionar kroner, som viser ei tydeleg interesse for bokforma. Foto:

– Foreløpig må vi nøye oss med sortimentet som ligg tilgjengeleg, og vi håpar at folk set pris på det og brukar tilbodet flittig. Målet vårt er å modernisere bibliotekskulturen samstundes som vi vil nå ut til flest mogleg innbyggjarar, noko vi meiner vi er på god veg med, seier Skibenes.

– Der eksisterer heller inga geografiske restriksjonar, slik at ein framleis kan bruke appen om ein dreg til utlandet i sommar, seier Skibenes.

Slik brukar du appen

Appen eBokBib finn du i både Google Play og App Store, og berre i førstnemnde har den over 50 000 nedlastingar.

  1. Det første du må gjere er å laste ned appen til telefonen eller nettbrettet ditt.
  2. Deretter vil du kunne opne appen og sjå bildet heilt til venstre under. Der skriv du inn lånarnummeret som står på baksida av lånekortet ditt, samt pinkoden som høyrer til.
  3. Når du er logga inn kan du byrje å finne bøker, som du anten kan søke på eller finne i anbefalingane.
  4. Når du finn ei bok du vil lese som er ledig lastar du ned boka, og deretter vil du finne den på appen din dei neste 28 dagane.
  5. Når lånetida er omme kan du velje å anten fornye lånet eller levere inn boka. Du kan også hjelpe andre lesarar ved å gje ei vurdering i form av stjerner av bøkene.
Slik ser dei ulike sidene i appen for Android ut. Der kan du blant anna finna anbefalingar frå ulike bibliotek over heile landet.

Slik ser dei ulike sidene i appen for Android ut. Der kan du blant anna finna anbefalingar frå ulike bibliotek over heile landet. Foto:

Artikkeltags