– Betre enn dette, MÅ Sparebanken vest klare!

9. juni markerte Sparebanken Vest at dei opna i nye lokale.

9. juni markerte Sparebanken Vest at dei opna i nye lokale. Foto:

Av

Sparebanken Vest – Enklare bank og enklare kvardag, står det i reklamen. Tja …

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Tidlegare i sommar skulle eg setja inn nokre pengar i Sparebanken Vest i Knarvik for ein kollega. Eg hadde fått med meg at banken har flytta ned i Strilen sitt gamle lokale.

  • Innlegget blei først publisert på Facebook-sida "Oppslagstavle for Alver kommune".

Vel nede heldt eg døra oppe for ein gamal mann som også skulle i banken. Me vart litt overraska begge to over at banken låg i andre etasje, så eg tilbydde meg å ta heisen saman med han. Me gjekk inn i heisen, og eg trykte på 2.etasje. Det skjedde lite, og eg måtte lesa «bruksrettleiinga» som hang på veggen for å finne ut at knappen måtte haldast inne for at heisen skulle gå.

Flisespikkeri kanskje, men eg tenkjer mest på dei eldre (eldre enn meg på 57), som slit både med å lesa og å forstå korleis dette fungerer.

Inne i banklokalet var det lite oversiktleg, synest eg. Ingen kølappsystem, og kundar stod litt rådville på golvet. Nokon sat i ein sofa.

Det var fleire bord, og mange rom, men berre ein skranke som var betjent.

Eg fekk gjort det eg kom for, på ein innskotsautomat til venstre inne i lokalet. Men eg gjekk derfrå med inntrykk av ein lite kundevenleg bank.

Så på fredag skulle eg ta ut nokre pengar i minibanken, for så å setja inn på ein anna konto, i innskotsautomaten.

Eg kom rundt 13.50. Same system som sist, ingen kølapp og så vidare.

Forskrekka oppdaga eg at minibanken, den er ikkje flytta!

No må eg tilføye at det er bra at det er ein minibank i senteret, men at det ikkje er ein inni banken – det vart eg overraska over.

Men innskotsautomaten, DEN står inni banken, og banken stengjer om 8 minutt.

Eg rakk opp att i minibanken, og ned att før banken stengde … så vidt. Opningstidene rakk eg ikkje lesa, men reknar med at det er opent litt lenger enn til klokka 14, i alle fall ein dag i veka.

Eg veit, og forstår, at dei fleste bruker nettbank i dag. Og det er lett å skjønne at dei som ikkje gjer det, det er dei eldre. Og det er gjerne dei som besøkjer banken i opningstida, som ikkje forstår at knappen i heisen MÅ haldast inne, som kanskje leiter etter kølappen og som kanskje ikkje heilt forstår systemet inni banken.

Eg håper og trur at dette må ordne seg, og at Sparebanken Vest ordnar opp i både tilgjengeleg minibank, innskotsautomat og kølappsystem.

For betre enn dette, det MÅ Sparebanken Vest klare!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken