Gå til sidens hovedinnhold

«Berre flaks har ført til at Austrheim ikkje har fått brannkatastrofar som Sotra»

Dramatiske bilde frå Sotra har gjort oss merksame på at vi som har busett oss mellom lyngheiane på kysten mange stader har fått ei tikkande brannbombe i fanget.

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Slik er det også i Austrheim. For kystlyngheia her ute gror att med høgvokst lyng, kratt og skog som lett tek fyr når vår- og sommartørken slår inn. Det skal ikkje meir til enn ein gneiste frå ei høgspentlinje, ei sigarettglo eller uvørden leik med fyrstikkar.

Berre flaks har ført til at Austrheim ikkje har fått brannkatastrofar som Sotra.

I 1998 var det like før ei lyng- og grasbrann slukte bustader i Åråsfeltet. Sidan har akselererande attgroing ført til endå meir brennbar vegetasjon. Det er mindre sau på utmarksbeite. Høgare temperatur om våren har dessutan ført til aukande uttørking. Vi har hatt fleire ukontrollerte lyngbrannar som kunne fått alvorlege konsekvensar.

Difor er det prisverdig at administrasjonen i Austrheim brettar ermane opp og tilrår rydding av gamal beitemark og lynghei rundt kommunesenteret og sørvest for Åråsfeltet.

Saka skal opp i kommunestyret førstkomande onsdag.

Kor er risikoen størst? Rundt kommunehuset og i Åråsfeltet? Nei, risikoen er stor i heile kommunen.

Dei fleste bygdene i Austrheim ligg i randsona til lynghei, kratt og skog som med feil vindretning kan få katastrofale konsekvensar for hus og hytter om det oppstår utmarksbrann. Slik som i Flatanger i Nord-Trøndelag der brann i attgrodd lynghei i 2014 øydela og skada 64 bygningar.

Difor må Austrheim kommune tenkja større enn Mastrevik. Heile kommunen må kartleggjast for risiko og ein må ta i bruk alle tilgjengelege verkemiddel for å hindra ville brannar. Tiltak kan sjølvsagt vera branngater og rydding av viltveksande kratt og skog, og flaskehalsar i vassforsyninga må bort. Det beste tiltaket vil likevel vera aktiv lyngheiskjøtsel med utmarksbeite og systematisk kontrollert brenning av beiteområda slik det skjer fleire stader i kommunen, t.d. i Øksnesmarka.

Det trengst med andre ord ei overordna plan som kan førebygga utmarksbrann i Austrheim.

Det fabelaktige er at den planen har kommunen allereie opna for. I kommuneplanen sin samfunnsdel heiter det nemleg:

«Kommunen skal motverke attgroing av opne landskap gjennom aktiv landskapsforvalting og effektive landbrukstiltak. Dette vil me få til gjennom å utarbeida kommunal temaplan mot attgroing, med mål, strategiar og tiltak.»

Så kvifor ikkje skrida til verket og utarbeida planen som kommunestyret har sagt dei vil ha? Planen må opp av skrivebordsskuffa. I kommunestyret førstkomande onsdag vil Bygdelista difor fremja følgande forslag:

«I tråd med føringane i kommuneplanen sin samfunnsdel skal Austrheim kommune så snart som økonomisk mogleg utarbeida temaplan mot attgroing der førebygging av utmarksbrann skal ha høg prioritet. Inndekking skal skje gjennom budsjettjustering i 2021 eller i budsjett for 2022.»

Vi håpar på støtte frå eit samla kommunestyre.

Kommentarer til denne saken