No kjem finvêret

Søndag sprekk skydekket opp og regnet gjev seg.

DEL

(BA) Veka har vore prega av regn- og snøvêr og torsdag kveld skal det plaska ned når eit lågtrykk vest for Skottland driv inn mot Vestlandet.

– Det er et ganske kraftig lavtrykkssystem som kjem rett på oss. Tidleg fredag kjem det nokre byer i Bergensområdet, før det kjem meir regn på kvelden med ein front som kjem inn. I løpet av kvelden aukar også vinden på frå søraust og vi får stiv til sterk kuling enkelte plassar på kysten og i fjellet. Akkurat no ligg lågtykket gunstig til for oss, men små endringar kan gje store utslag, seier meteorolog Lars Andreas Selberg ved Meteorologisk institutt.

Comeback for sola

Litt av lavtrykksfronten vil henga igjen laurdag, men søndag ser det straks mykje betre ut. Då vil eit høgttrykk bygga seg opp og sola kjem tilbake til Nordhordland.

– Ja, då blir det fint vêr. Og det ser ut til at vi er på veg inn i ein finvêrsperiode frå søndag til torsdag, og kanskje endå lenger, seier Selberg.

Men sol og låge temperaturar er som kjent ein dårleg kombinasjon inne i Bergen.

Dårleg luftkvalitet

– Det er store moglegheiter for at vi får ein inversjonssituasjon på tysdag. Med kuldegrader, lite vind og varme i høgda blir det inversjon. Søndag til torsdag kan det derfor bli dårleg luftkvalitet.

Fram mot neste helg blir prognosane meir usikre, men mykje tydar på at det blir fint også då. Snø i bystrøk er det derimot liten sjanse for.

– Derimot kan det komma litt i fjellet, så det passar jo bra for dei som vil ut på skitur.

Artikkeltags