Det var allereie varsla at sommaren skulle gjera eit comeback før helga, og klokka 06 fredag morgon vart det målt nesten 20 grader i Bergen sentrum.

Det melder Meteorologisk institutt. Dei konstaterer og at dette er ei «veldig bra inngang til helgen».

Klokka 07 vart det målt 20,3 grader på målestasjonen ved Florida i Bergen sentrum, og 14,6 på Ulriken (605 meter over havet).

Det er også målt høvesvis lett og frisk bris på målestasjonane til Geofysisk institutt.

Gunstig vind

– Temperaturen kan fort komma opp i ein 22–23 grader midt på dagen, seier vakthavande meteorolog Martin Granerød ved Vervarslinga på Vestlandet.

Årsaka til sommartemperaturane midt i september er vinden. Det kan komma til å blåsa stiv kuling i utsette fjord- og fjellstrøk, og meteorologen ber folk vera litt obs om dei går i fjellet.

Vinden bles og som høgdevind frå aust, og det er dette som gjer at det blir så varmt – høgdevind frå aust fører nemleg til fønvind.

Fønvind er ein spesielt varm og tørr vind som kjem ned frå ei fjellkjede og oppstår når fuktig luft vert pressa opp langs fjellet, gir frå seg fukta som nedbør, og kjem tørr ned på den andre sida av fjellet.

– På Vestlandet kjem vinden ofte frå vest, slik at vi får all den fuktige lufta her, seier Granerød.

Les også

Oppdag Nordhordland!

 

Bordet har snudd

På andre sida av fjellet er det ofte austlendingane som kan nyta godt av fønvinden.

Denne gongen har bordet snudd.

Den fuktige lufta vert pressa opp i aust og vert slept over Austlandet kor det er sendt ut farevarsel på grunn av dei kraftige nedbørsmengdene som er venta laurdag.

Når den kjem over fjellet i vest vert den tørre lufta pressa ned nokre grader varmare enn då den forlét Austlandet.

– Det er ikkje helt uvanleg at det bles frå aust, men det er ikkje så ofte at det bles såpass kraftig høgdevind frå aust. Det er nemleg høgdevinden som presser lufta ned på andre sida av fjellet, forklarar meteorologen.

 

Går nedover

Utover helga blir vêret gradvis mindre oppløftande.

Laurdag vert det meldt skiftande vêr med mogelegheit for enkelte regnbyer.

Søndagen startar ikkje så aller verst ifølge meteorologen, men utover dagen blir det meir og meir regn.

– Det blir ein fin avslutning for dei som vil halda seg inne søndag ettermiddag, konkluderer Granerød.