Alversundkvinne vil verta fylkesrådmann

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det er totalt seks søkarar til stillinga som prosjektleiar, og dermed framtidig fylkesrådmann til det nye samanslåtte fylket Vestland.

Blant søkarane er Karen-Marie Eek-Larsen frå Alversund. Ho jobbar i dag som assisterande fengselsleiar.

Stillingstittelen er først prosjektleiar for etableringa av den nye fylkeskommunen fram til 1. januar 2020. Så blir stillinga fylkesrådmann for det nye storfylket på Vestlandet.

Erfaring frå strategisk endringsleiing, rolleforståing og prosjektstyring, samt evne til å kunne jobbe tett med det politiske nivået er viktig kompetanse. Ein ønsker seg og forståing for dei to fylka sin eigenart. Prosjektleiaren vil rapportere til den politiske leiinga og ha arbeidsstad i Bergen.

– Den totale interessa for stillinga viser at dette er ei attraktiv og viktig stilling, seier fylkesordførar Anne-Gine Hestetun.

Fellesnemnda for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane tilset prosjektleiar/framtidig fylkesrådmann til det nye fylket i møtet i fellesnemnda 4. mai.

– Representantar i tilsettingsutvalet har hatt ein grundig prosess med gode kandidatar så langt, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, som er leiar i fellesnemnda.

Her er heile søkarlista:

Namn Alder Frå Stilling
Karen-Marie Eek-Larsen 57 Alversund ass. Fengselsleder
Thorbjørn Johan Gaarde 63 Oslo Chief credit officer
Anne Karin Hamre 53 Sogndal Fylkesmann
Karl Petter Haugen 49 Strusshamn Underdirektør
Rune Haugsdal 58 Eidsvågneset Fylkesrådmann
Tarjei Torvik 25 Bergen Student/arbeidssøkar

Artikkeltags