No kjem snøen: – Det kan bli glatte vegar

I januar 2017 vart det kaos då snøen kom i januar. No er det fare for at det same skjer igjen, då det er meldt snø denne veka.

I januar 2017 vart det kaos då snøen kom i januar. No er det fare for at det same skjer igjen, då det er meldt snø denne veka. Foto:

Det meldast om snø søndag kveld, men i sann vestlandsk stil vil den ikkje snøen ligga lenge. Det kan føre til glatte vegar, melder meteorologen.

DEL

(BA) Søndag kveld startar snøfallet, ifølge meteorolog Lars Andreas Selberg ved Meteorologisk institutt.

– Det vil komme nokre byer med snø i kveld og vidare ut på natta i morgon tidleg. Måndag vil ha periodevis opphaldsvêr med lokale byer, før det truleg vil snø igjen natt til tysdag. Då skal det komme jamne byer, så alle vil merka det, informerer Selberg.

Temperaturane vil stiga igjen tysdag morgon. Det kan bli kaotisk, meiner meteorologen.

– Tysdag morgon vil det bli overgang til regn. Det kan resultera i glatte vegar og problem i trafikken.

– Snøen kan bli liggjande 

Selberg åtvarar også om vindauke i Bergen.

– I ettermiddag vil vinden auka til sterk kuling frå nordvest. Vinden vil ikkje minka før måndag ettermiddag. Då går den over til bris, seier Selberg.

– Er det noko finvêr i vente?

– Det er noko usikre prognosar, men det ser ut til at det vil bli finvêr frå fredag. Det skal då bli kjøligare, og vi har truleg både sol og meir snø i vente.

For dei som håpar på aking og ski ned frå byfjella, har Selberg gode nyheiter.

– Det er gode moglegheiter for at snøen som kjem då, vil bli liggjande ei stund.

Kolonnekøyring

Morten Hansen ved Vegtrafikksentralen opplyser om at det søndag 13. januar er kolonnekøyring over Hardangervidda og strekninga Aurland–Hol.

– Vi får sjå korleis det blir etter kvart. Foreløpig er det gode køyreforhold no, utan om på nemnde fjellovergangar.

At det ventast snø i Bergen, er ikkje noko som uroer Hansen.

– Det er ikkje farleg om det kjem litt snø i Bergen. Folk køyrer jo med vinterdekk. Våre entreprenørar vil gjera tiltak i vegbana dersom nødvendig, seier trafikkoperatøren.

Artikkeltags