Slik kan du unngå kø på veg til vinterferie

Kø ut fra byen i retning Åsane. (Arkiv)

Kø ut fra byen i retning Åsane. (Arkiv) Foto:

På fredag startar vinterferien. Her er triksa for å unngå kø og feriekaos.

DEL

(BA) Fredag legg mange ut på køyretur ettersom vinterferien startar. Det kan føre til kø fleire stader.

– Som regel blir det ein del trafikk ut av Bergen, og trafikken kan tetta seg i sårbare område, som Vågsbotn i Åsane og Trengereid på E16, opplyser trafikkoperatør John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen.

Mest trafikk fredag ettermiddag

Av erfaring er det mest utfart frå fredag i 14-tida og utover ettermiddagen.

Dersom alle legg ut på tur samtidig, vil det bli litt saktegåande trafikk, men ut ifrå Vegtrafikksentralen sine erfaringar er folk flinkare enn tidlegare til å fordela køyringa utover.

Nokon tar ferie frå torsdag av, andre ventar til laurdag med å reisa. Dette fører til mindre køar.

Alternative tidspunkt for heimreise

På heimturen er ikkje alltid folk like flinke til å reisa på alternative tidspunkt.

– Det har skjedd ganske mange gonger at alle reiser heim samtidig på søndagen i slutten av ferien. Då vil trafikken tetta seg på E16 frå Vaksdal og Trengereid og inn til Arna.

Om du vil unngå kø, anbefalar Omdal deg å køyra heim laurdag, eller tidleg søndag.

– Køyr med tålmodigheit og hald god avstand til bilen føre, rådar han.

UP vil kontrollere

Terje Oksnes er distriktsleiar for utrykkingspolitiet på Vestlandet. Han seier at de vil driva med si ordinære kontrollverksemd.

– Vi har kontrollar heile tida, kvar dag, og vil ikkje ha noko spesiell innsats til vinterferiestart.

Men når det er store utfartsdagar vil UP gjerne kontrollera og vera til stades kor trafikken er størst.

Saka held fram under bildet.

UP kontrollerer påsketrafikken på fylkesvei 7 ved avkjøringen til Rolvsvåg og Os. Distriktsleder Terje Oksnes i Utrykningspolitiet på Vestlandet.

UP kontrollerer påsketrafikken på fylkesvei 7 ved avkjøringen til Rolvsvåg og Os. Distriktsleder Terje Oksnes i Utrykningspolitiet på Vestlandet. Foto:

– Vi har både kontroller kor man står i ro og kontrollerer rus og fart, samt åtferd som bruk av handhalden mobiltelefon. I tillegg vil vi ha sivile politibilar ute.

Oksnes håpar at sjåførane held seg edru og er utkvilte, samt held fartsgrensa.

– Når det er kø er det mindre sjanse for å komma seg fort fram. Man må vera tolmodig. Slapp av vi skal berre rekke fritida, seier han til BA.

Artikkeltags