Alt snus på hovudet: – Det vil skje fort!

I morgon blir alt snudd på hovudet. Det er meldt snø langs kysten og regn i indre strok.

DEL

(BA) – Ja, den var litt sær, konstaterer statsmeteorolog Vibeke Thyness.

Det er nemleg eit solid lågtrykk på veg frå Skottland.

– Halen av dette lågtrykket tar med seg kald luft, seier ho og skildrar vidare korleis det vil arta seg:

– Først vil det bli regn og ganske mildt. Utover torsdagen vil dette endra seg brått. Vi kan gå frå fem-seks grader til minus tre-fire grader enkelte stader langs kysten, seier ho

I Bergen er det noko usikkert om det vil snø.

– Vi kan risikere snø. I kvart fall nord for Bergen, seier ho.

Vervarslinga har sendt ut eit såkalla gult farevarsel der dei åtvarar mot vanskelege køyreforhold.

– Det kan bli trøblete. Vær tolmodig og tilpass køyringa etter forholda, oppfordrar meteorologen.

Det blir i det hele tatt ein ganske kald vêrtype i dagane som kjem.

– Det kan bli snøbyer i Bergen.

Det er ikkje lenge sidan det var T-skjorte-vêr, sydenstemning og 13 grader i Bergen.

– Det snur fort?

– Ja, vi har litt og kvart å bryne oss på, humrar meteorologen.

Artikkeltags